Administrasjonskostnad 349,-

Til alle medlemmar i Family Ørsta.

Den årlege administrasjonskostnaden er ei avgift som dekker kostnadar verksemda har knytt til administrasjonen av medlemskapet, medlemssystemet og medlemsservice. Dette er ei avgift som eksisterer i Family-kjeden, men er ny for alle medlemmar frå ToppTrening AS.

Eksisterande medlemmar frå ToppTrening AS vil i 2023, gradvis verte tillagt denne avgifta, og fakturert for denne, jf. endringar i medlemsvilkåra i overgangen frå ToppTrening AS til Family Ørsta.

Avgifta vert fakturert årleg for alle medlemmar. Nye medlemmar i Family Ørsta, vert allereie fakturert for denne avgifta, første månaden etter nyteikning av eit medlemskap. For at dette skal vere likt for alle medlemmar, vil vi framover tildele denne avgifta til eksisterande kundar, ref. avsnittet ovanfor.

Har du spørsmål knytt til dette, ta kontakt med oss i resepsjonen, eller send oss ein epost: post@topptrening.no

Helsing

Senterleiar Guro Osborg Kvammen

Dagleg leiar Trude Flø Johnsen