Drøymer du om å bli instruktør?

Drøymer du om å bli instruktør?
Arbeidsstad Family Sports Club Ørsta
Oppstart: August 2023
Vi søkjer etter instruktørar som kan gjennomføre gruppetimar hjå oss!
Vi ser etter deg som er tidlig ute, held godt førebudde timar der alt av musikk, øvingar og coaching er nøye gjennomtenkt. Du har evne til å sjå den enkelte, og er god på å gjere individuelle tilpassingar der det er behov. Du ønsker stadig å bli betre, og vere ein del av eit team som pushar deg til utvikling.
Vi ser etter deg som:
- har ambisjonar om å jobbe som instruktør 1-3 timar i veka
- er energisk og har god formidlingsevne
- har trening som livsstil og brenn for det
- ønsker å jobbe for betre folkehelse, der du formidlar treningsglede
- er lagspelar
- møter menneske med eit smil
Vi tilbyr:
- opplæring og oppfølging
- ferdig utvikla gruppetimar, samt moglegheit for å utvikle eigne konsept
- gode moglegheiter for vidareutvikling
- godt arbeidsmiljø
- kan kombinerast med arbeid som studiovert og personleg trenar
Søknad og CV sendast til guro@topptrening.no